På veg til skulen må Konrad gå forbi huset på haugen. Her finst dei utrulegaste og mest freistande epla ein kan tenkja seg, og Konrad berre ta eit. Men inne i huset bur ei heks som tek han til fange. Etter det folk seier, har ho drepe son sin og gravlagt han i myra bak huset.

Atle Hansen er fødd i 1954, og er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive fleire barnebøker og vaksenromanar, gitt ut fleire plater og fekk i 1996 Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Han debuterte som forfattar i 1997 med barneboka Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill.