Om Tunkatten Lurivar

Namnet mitt er Lurivar og eg er katten som bur i Aasentunet i Ørsta på Sunnmøre. Aasentunet er eit museum om språk og om språkforskaren Ivar Aasen. Språkforskar er eit litt vanskeleg namn, synest du ikkje? Det er å vere så glad i ord at ein berre vil jobbe med det heile tida.

Ivar Aasen blei fødd i 1813 og då hadde dei ikkje så mange bøker i heimane sine eller på skulen. Det som gjorde det ekstra vanskeleg var at skrifta og tekstane var på dansk. Då var det mange som ikkje fekk til å lese og skrive. Eg klarer ikkje å lese og skrive på dansk eg heller! Derfor laga superglupingen Ivar Aasen skriftspråket nynorsk som var sett saman av alle talemåla vi har. Er ikkje det fnisefint? Skriftspråk er sånn vi skriv og talemål er sånn vi snakkar. 

Eg synest Ivar Aasen var så fantastisk flink at eg bestemte meg for å bli Lurivar agent ordspion når eg blei stor. Det er veldig likt det å vere språkforskar, berre tidobbelt så stilig! Når eg er ute på reise som agent ordspion besøker eg skular med den kulturelle skulesekken. Det er ein slags avtale eg har med skular rundt om i landet om å kome på besøk.Tunkatten Lurivar

Tunkatten Lurivar er teikna av illustratør Monica Egeli


Som agent ordspion har eg lært mykje av Ivar Aasen. Eg er alltid på jakt etter nye ord og det beste eg veit, utanom tunfisk, er samansette ord som halehesterompe, rottepotte og buksegitar! Samansette ord er når to ord blir noko nytt og fantastisk når ein set dei saman.


Og du, visste du at Lurivar er eit samansett ord?



Alt eg gjer handlar om ord på nynorsk. Eg har songar, forteljingar, aktivitetar og ordliste som alle born kan halde på med. Og ekstra glad blir eg om de sender inn nye ord, spørsmål eller tekstar som de har skrive. Du finn ordlista mi her