Spørsmål og svar

Eg veit ganske mykje, derfor får eg ofte spørsmål frå barn som lurer på alt mogleg. Eg likar best å få spørsmål om barnebøker, om kattar eller om språk, men eg har også svar på kvifor hunden uler om natta eller på kvar tunfisken lever.

Send inn spørsmål

Hei! Eg lurer på lydbøkene som ligg på sida di... Er det berre utdrag av heile bøker som ligg der?

Hei Kari-Anne! Ja, det er berre utdrag som ligg på sida mi. Eg håper fleire vil ta seg tid til å låne og lese heile boka etter at dei har høyrt på klippet. Om nokon vil ha meir å lytte til kan dei høyre på forteljingane om meg, den supre ordspionen Lurivar!

Kvifor heter katten tunkatten?

Mnjaaaa, det er vel fordi det er det finaste og beste namnet på ein katt som bur i eit tun, synest du ikkje det? Tunkatten Lurivar, katten i tunet til lure Ivar. Det er eit snikande bra namn på ein katt som i tillegg er ein ordspion!

Speler du klarinett?

Nei, eg gjer nok ikkje det. Eg har prøvt det éin gong, men då sprang alle musene og gøymde seg! Om eg skal fange middagen min sjølv, så kan eg nok ikkje spele klarinett meir. Men eg syng litt for meg sjølv når musene ikkje kan høyre meg. I går song eg "Det sat to kattar på eit bord", og det blei veldig fint om eg skal seie det sjølv. Mjau!

hei lurivar hvor bor du

Hei Geir! Eg bur i eit stort hus i Hovdebygda i Ørsta som heiter Ivar Aasen-tunet. I det huset er det museum etter ordsamlaren Ivar Aasen, og inst inne i utstillinga har eg eit eige rom med hems. Du må gjerne kome på besøk ein gong!

Har du nokon gong ete ein fugl?

Hmmmm, ja, eg har nok ete ein fugl. Eg har nok ete mange fuglar. Du veit, fuglar for meg er som smågodt for menneska, nyyydeleg godt. Nam, nam! Men eg tek ikkje alle fuglane eg ser, for eg liker så godt når dei heng utanfor vindauget mitt og et fuglemat. Då kan eg sjå på dei i timevis. Av og til snakkar eg med dei også, sjølv om dei ikkje kan høyre meg. Kjekt at du sende meg eit spørsmål Gina, takk!

Har du bøker og korfor har du så stort hus he du jelperer?

Eg bur i det store huset som heiter Ivar Aasen-tunet i Ørsta, og her har eg tusenvis av bøker eg kan lese i. Nokre bøker har eg på hemsen min så borna kan låne når dei er på besøk, andre bøker får eg låne i biblioteket vårt. Hjelparane mine er dei som er her på arbeid på dagen, dei har kontor i kjellaren. Ha ein fin dag Inga, mjau!

Kvifor er du ein katt som bur i Ivar Aasen tunet lurivar? kvifor besøker du skuler lurivar?

Hei Andrine! Aasen-tunet er den beste staden å bu for ein ordgalen katt som meg. Eg har så mange artige ord at eg av og til berre MÅ ut for å fortelje andre om dei, og då liker eg best å besøke skular.

kva er det du liker best i verden?

Mmmmmmjauuuu....aller, aller best liker eg å lese alle dei fine orda eg har fått med alle venene mine. Ropemåne, bananhest og snabelfisefluge - er ikke dei fantastiske desse orda? Eg har samla alle eg har fått i ordlista mi på nettstaden min, og eg vil gjerne ha fleire! Elles liker eg meg både ute og inne i Ivar Aasen-tunet der eg kan lese bøker, jakte på mus og treffe dei som kjem på besøk. Samt alle dei finfine menneska eg treff ute på turneane mine. Ha ein fin dag Mohamed!

Lurivar, kan du skrive på PC?

Ja! Eg har ei fin datamaskin som passar til mine store pusepotar!

Hei er du virkeleg?

Det er vel klart eg er!

Send inn ditt spørsmål

Gruppe