Ein morgon då Anders kom ned til dammen, fann han eit skilt med eit slags brev frå Salamanderen. Der stod det at han hadde pakka og reist sin veg, og om Anders tenkte etter, ville han forstå kvifor. Anders tenkjer etter, og rett nok – han forstår grunnen. Han forstår også at han må dra ut på leiting etter Salamanderen.

Ragnar Hovland blei fødd i Bergen i 1952, og vaks opp ulike stader på Vestlandet. Han debuterte i 1979 med romanen Alltid fleire dagar. Sidan debuten har han gitt ut over 40 bøker – både dikt, noveller, bøker for born og for vaksne. Fleire av novellene til Hovland har vore filmatiserte. Han har fått fleire prisar for bøkene sine, m.a. Kultur- og vitskapsdepartementets debutantpris 1980, Noregs Mållags barnebokpris i 1986 og i 1993, Brageprisen 1992 og Kritikarprisen 2002 for romanen Ei vinterreise.