Du har vel ikkje høyrt snakk om den gongen då oldemor stakk av? I  denne boka får du også vite korleis det gjekk, då Oldemor skremde småungar, møtte Jahn Teigen og fekk seg ein kosesau.

Ingvar Moe (1936-93) blei fødd i Etne, Hordaland, og debuterte som forfattar i 1975 med diktsamlinga Løktastolpefrø. Han gav ut over 20 bøker for born, ungdom og vaksne, m.a. dikt, noveller, romanar, kåseri og lærebøker, og skreiv viser og songtekstar, som er tonesette m.a. av Olav Stedje og Vamp. Han skreiv fire bøker om oldemor og hennar ville påfunn, og alle forteljingane er samla i Alt om oldemor! (2003).