Ein vakker dag vakna tunkatten Lurivar og kjende i heile sin stripete kropp at  tida var moden for å finna på noko ekstraordinært og spektakulært. For å vera heilt konkret, så måtte han sjå å koma seg ut i frisk luft. I fleire veker hadde han vore innestengt på hemsen i Aasen-tunet og jobba med eit topphemmeleg oppdrag som han hadde fått frå Stord kommune. Dei trong eit fyndig motto som kunne lokka folk og dyr til den vakre øya si, hadde dei forklart. Og då måtte vel ordmagikaren Lurivar vera rett katt for oppgåva? Han hadde mjaua til takk,og teke oppdraget. Lettente pengar, hadde han tenkt, mens han gnei seg i potane.

Men så viste det seg altså å vera verre enn som så. For kva var det eigentleg som rima på Stord? Nord? Nei, for der var det stum d. Og det var det også i Fjord. Forbaska stumme d’ar. Kva er vitsen? Han pønska vidare, men fann berre Mord. Og det gjekk jo slett ikkje. Etter som dagane hadde gått, hadde han notert på gule lappar og gått i sirklar på golvet, med framlabbane på ryggen. Men han kom ikkje på noko.

Men no hadde han då kome fram til at han måtte ut og lufta seg. Der ute fanst det kontinentalt liv og røre og kafear med café-au-lait. Mmm. Han kunne alt kjenne lukta av mjølkeskum i barten. Han gav stripepelsen ein rask kattevask framfor spegelen, og så bar det ut.

Det var ein strålande dag. Sola skein, fuglar kvein og vegen var lang og støvete og bein. Og der, rett utanfor døra låg det jaggu ein utekafé med fullt av folk som prata og lo og drakk kaffi og åt søte kaker. Men kva var dette? Der sat det jammen ein katt også, åleine ved eit bord. Ein langhåra type, med ring i øyra. Det kunne vel ikkje vera? Han sneik seg nærmare. Nei det var ikkje mogleg? 

Han lista seg bort og pikka han forsiktig på ryggen. Den langhåra katten kvakk til, og stakk noko under bordet med ei kvikk rørsle. – Det er jo deg Heavykatt! lo Lurivar.
– Åh. Hæ! mumla Heavykatten. – Nei, er det deg Lurivar, la han til  med ei stemme som minna litt om kvesinga frå ein forkjølt pytonslange. – Det var lenge sidan. Dei gav kvarandre ein kameratsleg klem.

Det viste seg at Heavykatten var på turné i distriktet, og at han hadde rømt på kafé for å vera litt for seg sjølv. – Men kva balar du med då? undra Lurivar – Eg såg du sat og skreiv på noko?
– Å nei, sa Heavykatten og drog på det.
– Men eg såg at du gøymde noko under bordet, sa Lurivar. – Få sjå då! Heavykatten drog motvillig opp eit kryssordmagasin. Lurivar måpte.

– Kryssord!? Det hadde eg aldri trudd om ein tøffing som deg. Har du blitt mjuk eller?
– Pøh! Det er faktisk mange heavyrockarar som løyser kryssord, kveste Heavykatten med unødvendig høg stemme. – Det er bra for hjernen. Må halda den i aktivitet når ein er på turné også, veit du. Det blir mykje venting.

– Eg elskar kryssord, nikka Lurivar. – Får du det til då? Lurivar kasta eit blikk over kryssordet. Han sette ei klo på fire vassrett. – Det der er i alle fall feil.
– Kva meiner du, sa Heavykatten og la på øyro.
– Ekkel ting kan ikkje bli Mønsterelev, sa Lurivar. – Då må jo to loddrett bli møskusokse. Det er jo ingenting som heiter det, flirte han. Heavykatten såg surt på at Lurivar viska ut ø’en og sette inn ein o. – Sånn. Moskusokse må det vera.
– Ja, men då blir det jo Monsterelev!?
– Nei nei nei, mumla Lurivar. – For du har gjort feil i åtte loddrett også. Hm. La meg sjå. Viss åtte loddrett, sjøpattedyr, er sel i staden for elg, så skal du sjå!

Heavykatten sperra opp augo og gliste. – Monsterslev! Stili’! nikka han.  -Wow! Du er jo ein ekte ordkunstnar du, Lurivar. Lurivar smilte trist. Han kom brått til å tenka på sitt umoglege oppdrag.
– Vel, sukka han.  – Eg er ikkje så god heller. – Eg held nemleg på å laga eit motto, og så kjem eg ikkje på noko som rimar på Stord. Heavykatten lyste opp.
– Men eg er jo frå Stord! Og alle veit jo at det einaste som rimar på Stord er Mord. Men på storddialekten kallar me ikkje øya for Stord.  Me seier Stor’en. Og då blir det lettare, skal du sjå!

– Stor’en? Lurivar smatta på ordet.
– Fjorden kanskje? prøvde Heavykatten
– Der har me det, nikka Lurivar engasjert. – Vil du bu ved fjorden – flytt til Stor’en! Yess!

Han var på beina med eit elegant byks. – Me må snakkast, Heavykatt. – Takk for hjelpa! Må berre heim og notera det før eg gløymer det! Hadet!!
–  Hadet! flirte Heavykatten, og tok den siste slurken med eplesaft frå Ølen safteri på styrten.