UDUGELEGE GNELDREBIKKJE FILLEBIKKJE LAUSBIKKJE SKABBETE KJØTER!

Lurivar skvatt. Det var nokre av dei styggaste orda han hadde høyrt. Han fekk mest lyst til å gløyma dei med ein gong. Men ord er ord anten dei er stygge eller fine. Så Lurivar skreiv dei ned på dei gule lappane sine. Og så gøymde han dei der han gøymde alle dei stygge orda han hadde samla. I den sprukne potta under senga. Dei kunne koma til nytte ein gong.

Så fekk Lurivar anna å tenkja på enn ordsamling. For over gjerdet og inn på Aasen-tunet kom ei bikkje springande med halen mellom beina. Og etter bikkja kom dei same orda Lurivar nett hadde skrive ned. Lurivar kjende dei att. Svarte og skabbete var dei.
– Hjelp! Hjelp! ropte bikkja. – Han drep meg!

Lurivar skvatt ein gong til. Kva var dette for bikkje? Skulle han skyta rygg og skræma bikkja tilbake over gjerdet, slik han hadde lært at gode kattar skulle gjera? Men bikkja var visst så redd at ho ikkje var noko å vera redd for. – Hei, opp her! kviskra Lurivar til bikkja. Bikkja tverrvende og var oppe på hemsen hjå Lurivar i tre byks.
– Takk skal du ha! sa bikkja skjelvande. – Eg trudde mi siste stund var komen. Eg trudde han skulle karnøfla meg. Lurivar lurte seg til å skriva ned KARNØFLA på ein lapp.
– Kven skulle KARNØFLA deg? spurde Lurivar. – Og kvifor skulle han KARNØFLA deg?
– Han VILLSTYRINGEN eg bur hjå i sommar, sa bikkja og peikte over gjerdet.
– Han vil at eg skal vakta hønene hans. Men eg har aldri vore vakthund før.

Reven berre ser rart på meg når eg bjeffar mot han. Så tek han seg heilt roleg ei høne og forsvinn. – Vil bonden karnøfla deg? spurde Lurivar og noterte ned VILLSTYRINGEN.
– Ja, sa bikkja. – Men eg på ferie frå byen! Eg vil ikkje halda vakt for ein slik DUSTEMIKKEL.
– Det finst ikkje noko betre enn å reisa på landet om sommaren, sa Lurivar. DUSTEMIKKEL stod snart på ein gul lapp.
– Eg såg for meg late dagar på landet, sa bikkja. – Og blir eg bunden framfor hønsehuset! Til ingen nytte!
– Kanskje reven ikkje skjønar bybjeffinga di, sa Lurivar.
– Eg bjeffar då heilt vanleg, sa bikkja.
– No er eg reven, og så bjeffar du til meg, så får me høyra. Bikkja frå byen til å bjeffa så det gjalla i veggene: – Sjå til å ha deg vekk, din dumme rev! Lurivar såg på bikkja.
– Og du meinte at dette skulle skræma reven?
– Det skræmer i alle fall kattane i gata heime, sa bikkja. 

Lurivar klødde seg i hovudet med halen. – Ein rev er ikkje det same som ein bykatt, sa han. – Eg trur eg har noko i ordsamlinga mi som kan hjelpa deg.
– Samlar du på ord? sa bikkja. – Eg trudde kattar berre jakta på myser. Eg samlar på bein.
– Eg jaktar på myser òg, sa Lurivar. – Elles hadde dei vel kome inn her og ete opp alle orda som Ivar har samla. Då skulle det sett ut. Men aller mest likar eg å samla på ord. Du vil ikkje tru kor mange rare ord som finst. Berre etter at du kom inn, har eg fått ni nye ord i samlinga mi.

Bikkja såg imponert på lappane til Lurivar, medan Lurivar leita seg gjennom alle orda sine. – Ikkje det ordet og ikkje det ordet, men det ordet og det ordet, og ikkje det, men det ordet var jammen bra, og der har me jo eit premieord, og me kjem ikkje utanom dette og dette ordet. Og her i potta har me nokre fæle, men nyttige ord. Og så treng me nokre ord frå hatten der.

Lurivar la tolv gule lappar utover golvet. Han stokka dei med potane og las: PIGG AV DIN GROVSKITNE SKABBETE REV FØR EG SAKSAR PELSKÅPE AV DEG. Bikkja frå byen gjorde store auge. – Kvar fekk du tak i desse orda?
– Litt her og litt der, sa Lurivar. – Faktisk var det ei fin frue som gav meg både SKABBETE og PELSKÅPE. Prøv å bjeffa dette, så ser me om det blir litt meir futt i deg.

Bikkja måtte øva seg litt på dei nye bjeffeorda sine. Men til slutt bjeffa ho så høgt og skræmande at Lurivar låg klistra mot veggen av skrekk. – Det er godt det berre er ei øving, sa Lurivar og tørka sveitten.
– Eg kjenner meg faktisk som ein skikkeleg ekkel kjøter! sa bikkja frå byen og gliste. Ho tok Lurivar i poten og takka. Så beit ho seg tvers gjennom gjerdet inn til bonden så flisene fauk. 

Lurivar kunne sjå at ho reiste bust og flekte tenner fleire gonger på vegen heim. Neste dag kunne Lurivar skriva følgjande nye ord på gule lappar: FLINK BISK KOM SKAL DU FÅ EIT STORT BEIN.