Sjå!
Ein tiger i Åsen!
Han byks over tunet.
Han smyg gjennom graset.

Ser du han ikkje?
No reiser han seg.
Du ser ryggen med striper.
Øyra er gule.
Labbane blå. Du ser dei mest ikkje der inne i graset.

Han lurer seg fram.
Magen stryk nedpå.
Halen ligg flatt.

Han piskar med halen.
Kva er det han ser?
Ei mus?
Ein fugleunge, kanskje?

Der vart han borte.
Halen og ryggen, alt er heilt borte,
Pusen med striper, kvar vart du av?

Der! Der er han igjen!
Han krøkjer seg saman.
Han bykser til.
For eit rabalder: Striper i ring. Hals over hovud. Auge for auge.
Han kastar seg rundt.
Han kveser.

Så blir det stilt.

Ein hale?
Ein hale med striper stikk høgt opp av graset.
Han vaiar.
Han vinkar.

Ein jeger kjem mot oss med byttet i kjeften.
Kva er det du har, pus?
Er dette ei mus, da? Den har ikkje hovud. Og slett ikkje hår.
Få sjå pus!
Få sjå kva du fann uti graset!

Det er jo eit ord!
Eit langt ord. Med kropp og ein riktig lang hale.
Slepp det, så vi kan lese det saman!
KOMB… GREP…S…
Nei, pus, ikkje rusk det i hop no!
SNASJONKOMBNGREPIEN trur eg det blir.
SJONENGREPSKOMBINA?
NGREPSKOMBINASJONEN ?
Den fremste  bokstaven er sund.
Du har bite av hovudet, pus. Men eg ser kva det er likevel.
Ein AN må det vere.

No legg vi alle bokstavane fram.
ANGREPSKOMBINASJONEN
Det var  pusen, sin det!

Kom pus!
Eg vil klø deg bak øyra.
Stryke stripene dine.
Og gi deg eit namn.