Trille er sikker på at naboen Lena Lid er bestevennen hans. Men han er ikkje sikker på om han er bestevennen til Lena Lid. I denne boka følgjer vi to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Ofte går det litt over styr i den vesle vika deira. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit ni år gammalt liv, og om redsla for å miste dei han er glad i.

Maria Parr er fødd i 1981 på Fiskå i Vanylven. Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009. I 2017 gav ho ut boka Keeperen og havet. Bøkene til Maria Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lærar.