Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja på ski mellom fjella. Tonjes bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år, og dei to vennene kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det?

Ein dag då Gunnvald er på sjukehuset med broten lårhals, forstår Tonje at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har røpt for bestevennen sin. Brått får Tonje mangt å rydde opp i, for her står det om lykka og felespel!

Maria Parr er fødd i 1981 på Fiskå i Vanylven. Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009. I 2017 gav ho ut boka Keeperen og havet. Bøkene til Maria Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lærar.