Ole-Kristian er 8 år, og bur åleine saman med mor si. Han har brune kne, blå shorts og eit smalt, brunt belte. Han har skjorte med raude og kvite ruter i og ein liten kniv i beltet. Han likar å gå barbeint.

Eva Jensen blei fødd i 1953 i Salangen i Troms, og debuterte i 1984 med Dikt og tekstar. Sidan har ho skrive dikt, barnebøker og romanar, og sjølv om bøkene hennar ofte er tynne og ordknappe, er dei likevel svært innhaldsrike. Dei rikt illustrerte lese- og barnebøkene hennar, Alle i Alta kan (2000), Tre høns på plenen og fire egg (2002) og Alt kan begynne med kvitt (2004), er laga av ein forfattar som vil hjelpe barn inn i litteraturen.