Eg hadde eigentleg ikkje tenkt meg særleg langt denne dagen. Då eg vakna, kjende eg at eg helst ville ligge på hemsen heile dagen og bla i dei fine bøkene. Kanskje finne på nokre nye ord til samlinga mi, eller sjå på alle dei stilige orda eg allereie hadde.

Ah! Late meg på hemsen heile dagen. Det var ein supersnasen stjerneplan. Eg strekte meg så stripene mine vart tynne som spaghetti, krølla meg saman att og la halen under hovudet. Eg sette i gong å purre så det dirra i bokhyllene. Dette skulle verte ein lat og herleg dag! 

Det var då eg høyrde det. Noko som krafsa og okka seg utanfor vindauget. Fyrst tenkte eg at det sikkert berre var vinden som vindkasta seg sterkt inn nokre tre, men det var noko som ikkje stemte. Eg stoppa purringa og opna ei auge. Det er akkurat som ein lyttar betre då, med eitt auge ope. Der var det igjen. Ei svak krafsing. Og eit klynk? Eg slo opp begge auga. Visst var det eit klynk! Like etter kom eit langtrekt sørgeleg ul.
– Ooooooooooooouu!

Eg kjende korleis pelsen på ryggen reiste seg: Ein hund! Det var ein hund på Aasentunet! Var det verkeleg mogleg? Kva slags hund turte seg hit? Det var då ei kjend sak at her budde den fryktlause agent ordspion Lurivar av Aasentunet! Dette var eit kattetun, ikkje eit hundetun. Eg la halen kring øyrene, kneip att auga og purra så høgt eg kunne.
– Oooooou! Ooooooooooooooouuuuu!

Nei NO fekk det vere nok. Gjekk jo ikkje an å korkje sove eller lese, ikkje eingong purre i slikt bråk. Eg spratt opp, slik berre vi kattar kan, og trykte snuten og potane mot vindaugsgluggen. Kvar var den loppekleiande raggtufsen som bråka slik? Eg såg ingenting. Berre bjørkeblad og grønt gras der ute, heilt som vanleg. Varsamt opna eg vindauget og stakk hovudet ut. Eg spreidde verhåra mine så godt eg kunne og sniffa. Med smale auge studerte eg bakken utanfor. Ingenting å sjå. Men ein tydeleg eim av hundelukt nådde nasen. Æsj! Eg vart så kvalm i magen at eg trudde han ville kaste oppatt tunfisken eg åt i går. Hundelukt! Her! Rett utanfor hemsen min!

Dette skulle eg få orden på. Inga lusebikkje skulle få øydelegge latsabbdagen min. Flaks at eg var så god på å spionere. For no skulle eg bruke alle mine ordspion-triks for å finne ut kvar denne hundeslampen gøymde seg. Nede i kafèen sat det ein masse jenter og gutar. Det hadde eg ikkje rekna med! Born var alltid så vanskelege å snike seg forbi. Eg lista meg ned trappa, under disken og fram til ein stor plakat. Der stod eg heilt, heilt stille og venta.

Brått kom ein mann klappa som klappa i hendene:
– Då er det tid for å gå og sjå på utstillinga om godaste Ivar Aasen! Denne veg!
Alle reiste seg og gjekk ivrige mot utstillingsrommet. Ei jente trakka nesten på halen min, eg drog han raskt til meg. Det var like før!

No hadde eg hadde klar bane. Eg sprang som ein gal, rett over golvet, ut døra, byksa over ein bil som stod parkert, runda hjørnet, snudde hovudet og såg meg attende og DÆNG! Rett inn i noko mjukt, raggete, stinkande, hundete, hundeliknande, ein hund! Framfor meg på graset sat ein hund på rumpa og stira på meg. Eg låg strak ut etter kræsjet, men kom meg raskt opp og stira tilbake. Ganske lenge sat vi og berre glana på kvarandre. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle seie. Alt eg hadde tenkt ut om loppekleiar, raggetufs og stinkebikkje, slike ord som var ganske stygge, og som eg hadde tenkt å skremme hunden bort med, dei ville liksom ikkje ut munnen.

Han såg på meg med store, brune auge. Han såg ganske liten ut. Det var nok ein barnehund. Ein slik kvalp. Såg litt beskjeden ut og verka litt redd meg. Det var bra! ..eller var det? Nei. Brått merka eg at eg ikkje ville at han skulle vere redd meg likevel. Det var irriterande, men slik var det. Eg ville at han skulle like meg.
– Hallo, eg er Lurivar – ordspion av Aasen-tunet, mjaua eg ut litt forsiktig.
– Hei, kviskra kvalpen. Han skalv litt, og blunka mange gongar.
– Var det du som hylte slik i stad, spurte eg. Høyrde at røysta mi var litt for hard. Det var ikkje meininga, men eg klarte liksom ikkje å slutte å tøffe meg når eg trefte hundar.
– Unnskyld, klynka kvalpen, eg visste ikkje kva eg skulle gjere. Eg finn ikkje att Merete.

Det såg ut som han kom til å grine i kvart augeblunk. – Merete? Kven er det?
– Ho som eig meg, ho er bestekjærleiksvennen min, og så vi var på tur i skogen her oppe, og så såg eg ein slik fin sommarflygar, og så ville eg fange han, og så berre sprang eg, og så berre sprang og sprang eg etter den sommarflygaren, den var lilla og blå og veldig fin, og så brått var eg ein heilt annan stad, og så såg eg ikkje Merete nokon stad, og så vart eg så redd, og så såg eg dette tunet her, og så gjekk eg hit, og så kom du, og så.. Kvalpen babla i veg medan han såg seg rundt, som om han leitte etter denne Merete-jenta med dei blanke auga sine.

– Hm, det var då trist, sa eg og kjende at eg faktisk fekk lyst å hjelpe denne kvalpen. Ja, det var heilt utruleg: Eg ville hjelpe ein hund! Men eg var då trass alt spion. Rett nok ein ordspion, men det kunne då ikkje vere så stor forskjell på å spore opp ord, og å spore opp menneskefolk?
– Eg skal hjelpe deg, sa eg. Reiste meg opp, sette handa for panna og sa: – Lurivar til teneste!

Kvalpen reiste seg opp og tok til å logre vilt med den vesle halen sin. – Vil du verkeleg? Å, du er snill herr Lurivar!
– Æh, sa eg og såg bort. Eg leitte fram notatboka mi, som eg alltid har med. Ein veit jo aldri når eit ord dukkar opp! Men no var det altså andre ting som skulle skrivast ned. – Greitt! Kvar såg du denne Merete sist?
– I skogen, sa kvalpen.
– Javel. Og kvar i skogen?
– Kanskje midt inne i skogen, sa kvalpen
– Jaha. Og korleis såg det ut der midt inne i skogen?
– Der var mange tre, sa kvalpen.

Hundar altså, tenkte eg inni meg. Dei har ikkje særleg godt blikk for detaljar. – Vesle kvalp, dette vert ikkje enkelt, sa eg litt strengt, – men vi får prøve. Fyl etter meg!

Så bar det av garde. Eg fyrst og kvalpen like etter. Vi stakk rett til skogs for å finne Merete. Eg rekna med ho framleis var i skogen, og kanskje leitte ho etter kvalpen sin. Ja, kanskje ho gret ho også. Eg sakka farten litt, og gjekk side om side med kvalpen.
– Hugsar du noko spesielt i frå skogen der du var? Ein rar stein kanskje, eller eit underleg tre?
Kvalpen tenkte så dei brune auga nesten gjekk i kryss.
– Altså, då eg og Merete hadde gått ei stund, så kom vi til nokre veldig rare og høge steinstriper. Eg fekk lov til å balansere på dei. Det var litt farleg sa Merete, men ho passa på meg.

Ei lita tåre rann ut av eine auge på kvalpen når han tenkte på det. Underleppa hans skalv og dirra. – Såså, sa eg og klappa han så vidt på hovudet. – Steinstripe? Aha! Du meiner ein steingard! Kvalpen såg ut som eit spørsmålsteikn.
– Det var ei sånn stripe med stein som låg oppå kvarandre.
– Ja, det er ein steingard, det, forklara eg. – Steingardar brukte dei til gjerde før i gamle dagar. Og eg veit akkurat kvar den gamle steingarden oppe i skogen ligg! Eg kjente trass alt denne skogen like godt som min eiga ordsamling. Steinstripe var forresten eit veldig fint ord. Kan eg få det til samlinga mi? – Du kan få så mange ord du berre vil om du klarar å finne Merete, klynka kvalpen.

Då vi nærma oss steingarden oppe i skogen, høyrde eg ein lyd som bukta seg mellom bjørkestammane. Nesten som ein melodi. Ein lys og sørgjeleg melodi. – Stopp, sa eg til kvalpen og heldt han att med poten. Eg la halen bak øyret for å høyre betre.

Der var det igjen.
– Vaaaaaniiiiiiiiiljeeeeee! Kooooom Vaniiiiiljesuuuukkeeeer!
– Høyrde du det? Det er nesten som ein song, berre litt kortare. Ein kallesong! Ein lokk! Det er nokon som lokkar!
– Merete!

Kvalpen lyste opp i eit stort smil – for no høyrde han det også. Langt der inne i skogen gjekk Merete og ropte på kvalpen sin.
– Heiter du verkeleg Vanilje, spurte eg forundra.
– Ja, og stundom kallar Merete meg for Vaniljesukker, og nokre gongar for Vaniljemuffinskake. Eg måtte le.
– Det var eit veldig fint namn. Vi sprang dit vi syntest lyden kom frå.
– Voff! Voff-voff, bjeffa kvalpen. Tunga hans hang ut av munnen som ei blafrande gardin i eit vindauge.

Brått såg vi Merete oppe på steingarden. – Vanilje!
– Merete! Dei sprang mot kvarandre med store smil. Då dei var heilt nære kvarandre, sette Merete seg ned på kne og slo ut med armane sine. Vanilje byksa rett i fanget hennar, og ho klemte han inntil seg. Vanilje ulte igjen, men denne gongen var det eit lukkeleg ul. Lenge sat dei slik og berre kjende at dei hadde funne kvarandre.

Eg såg på dei ei lita stund, og til mi forbausing pipla det ei tåre fram i augekroken min. Eg tørka ho fort bort med halen. Så sneik eg meg langsamt attende mot tunet. Oppgåva mi var fullført. Eg hadde hjelpt kvalpen å finne Merete. Nok ei løyst oppgåve for ordspion Lurivar av Aasen-tunet. I tillegg kunne eg notere ned ei rad med fine ord som kvalpen hadde lært meg:

STEINSTRIPE, BESTEKJÆRLEIKSVEN, VANILJESUKKER, SOMMARFLYGAR, VANILJEMUFFINSKAKE.

Det var i grunnen veldig fine ord. Kanskje ikkje hundar var så dumme likevel.