Hovudpersonane i boka er Kristoffer, også kalla Krapylet, og storebroren Magnus, også kalla Kongen. Magnus er så stor at han bur for seg sjølv, og Kristoffer skal vere hos han ei tid medan foreldra er bortreiste. Storebror vil lære veslebror viktige kunstar som å sykle, å symje, å temje farlege dyr – ja til og med å flyge! Ligge på vinden er ei bok om det som ikkje er synleg, men som er der. Det er der når du kjenner godt etter.

Erna Osland er fødd i Høyanger i 1951, er utdanna lærar og bur no i Masfjorden i Hordaland. Ho debuterte med ungdomsromanen Natteramnen i 1987. Bakgrunnen som norsklærar har gitt henne god kjennskap til unge menneske og kva dei ønskjer å lese. Osland har for det meste skrive barne- og ungdomsbøker, men produksjonen hennar omfattar også kriminalforteljingar, teikneseriar og fagbøker.