Knirk

Eg har sko

som knirkar når eg går

Når eg er glad

knirkar dei takta

til ein song

Når eg er lei meg

berre knirkar dei 

Frost 

Ei humle

med frost i pelsen

Ørsmå snøkrystallar

over dei gule og svarte stripene

Eg legg ho varleg i eine handa

og legg den andre over

Formar hendene

til eit varmt hus

lukker auga

og tenkjer på

at sommaren skal kome

så grøn så grøn

så full av nektarsøte blomar

Når eg opnar handhuset

er frosten borte

Humla strekkjer på seg

og lettar

Eg høyrer

det mørke suset

langt inn i våren

 

Hale

Hunden byksar

inn i det høge graset

Berre halen stikk opp

Ein ivrig peikefinger

som vinkar på meg:

Kom!