Ein morgon tunkatten Lurivar låg og kvilte middag, hende det noko rart. Vent no litt, seier du sikkert. Dette må vere feil. Lurivar låg vel ikkje og kvilte middag om morgonen? Jo visst, gjorde han det. Alle veit da at kattar driv og rek rundt om natta, på jakt etter mus og rotter. Og denne natta hadde Lurivar vore ekstra lenge oppe, heilt til klokka ni på morgonen, faktisk. No var han ekstra trøytt og sur, fordi han ikkje hadde sett snurten av så mykje som ein muselort. Han hadde akkurat rigga seg til der på hemsen, lukka auga og var på veg inn i draumanes rike, da han hørte nokon kremte like ved.

– Hallo? Er eg kommen til tunkatten Lurivar? Lurivar snøfta. Han trudde først han var på veg inn i ein merkeleg draum. Ingen av vennene hans kom på besøk om morgonen. Dei visste altfor vel at dette var tida han kvilte middag.

– Hallo-o? Eg ser deg nok! Lurivar myste irritert mot staden der stemma kom frå. Han kvapp til. Jammen stod det ikkje ei lita ugle der, like nedafor hemsen. Men det var ikkje kva ugle som helst. Ho var kvit- og brun-stripete, og ganske pjuskete. Ho hadde briller som ugler flest, men det eine brilleglaset var knust. Nedarst i ugleansiktet kunne Lurivar skimte eit slags skjegg. Ugleskjegg? På hovudet hadde ugla dessutan ein mystisk, liten hatt. Akkurat no letta ugla på den nemnte hatten.

– Hallo, ja! Er det Lurivar, ordspionen og ordsamlaren?
– Ja, det er no det, måtte Lurivar innrømme. – Kva er det du vil? Ugla bukka djupt, før ho endeleg sette hatten på hovudet igjen.
– Eg heiter Kaptein Ugle-Helge, og eg samlar òg på ord.
– Kaptein …?
– Nettopp! sa ugla ivrig og henta fram ei kjempetjukk bok frå sekken sin. – I denne boka skriv eg ned alle orda eg finn langs landevegen. Og som du ser: Det har blitt ganske mange etter kvart. No begynte Lurivar å vakne til liv.

– Kva slags ord har du i boka di, da? Ugla trødde eitt steg fram. Ho var tydeleg ivrig no.
– Det er ord av alle slag: artige, alvorlege, mystiske, spennande, nifse, kjedelege, bråkete, rolege, vittige og tullete. Alle slags ord som finst i språket vårt.
– Men kvifor kjem du hit? Til meg, no i dag? Kaptein Ugle-Helge sukka oppgitt.

– Som sagt: Du er jo òg ein ordspion og ordsamlar. Eg tenkte kanskje at du hadde eit ord eller to – som eg ikkje hadde frå før. Men no begynner eg å tvile. Tenk, her har eg flaksa og baksa med nordvesten på Sunnmøre i timevis, sjølv om eg eigentleg skal på eit viktig ugle-møte i Trondheim.
– Vent! Kva slags ord er du på jakt etter?

Kaptein Ugle-Helge tenkte seg litt om.
– Eg synest jo det er veldig artig med rare stadnamn, da. Du finst vel ikkje nokon slike her i distriktet? Rare stadnamn, tenkte Lurivar. Han prøvde å komme på nokon, men akkurat no var det rykande tomt der oppe i hovudet.
– Kan du gi meg nokre eksempel? spurde Lurivar til slutt. Kaptein Ugle-Helge slo opp i den kjempestore boka si. Han myste ned i ei av sidene, og begynte så å humre litt.
– Ja, vi kan begynne med det fylket i Noreg som kjem først i alfabetet: Akershus. Her har vi mange fine stadnamn, ser du. Kva seier du om for eksempel «Harkerud»? Eller kva med «Knurrestad»?
– Du tullar? sa Tunkatten. – Knurrestad? Det er vel ikkje namn på ein ordentleg stad? Det høyrest meir ut som ein by i Donald.
– Jo da, smilte ugla, – dette er namn på verkelege stadar i Noreg.
– Andre?

Kaptein Ugle-Helge kikka ned i boka igjen.
– Jo, kva med «Lortegrauten» i Buskerud, «Fisebukta» i Vestfold, og sist, men ikkje minst «Rompeskogen» i Rogaland? Tunkatten lo høgt. Han hadde heilt glømt at han eigentleg var sur, og ikkje minst at han skulle kvile middag. Ugla sette no auga i han (eller i alle fall det eine auget bak brilleglaset som ikkje var knust).
– Men kva med deg, du ordspion. Veit du om nokre rare stadnamn i ditt fylke? Eitt eller fleire som ikkje finst i boka mi frå før, altså?

Lurivar tenkte så det knaka. Jo. Aasen-tunet låg no i fylket Møre og Romsdal, kom han på. Og hadde han ikkje eit kart der oppe på hemsen ein stad? Eit der onkelen hans, sjølvaste Brunkatten, hadde skribla ned ei rekkje namn på stadar, da han reiste på kryss og tvers i fylket på jakt etter ei hokatt som lukta så godt.

No fekk Lurivar det travelt. Han pilte rundt der oppe på hemsen, på leit etter kartet. Kaptein Ugle-Helge blei stadig meir utålmodig. Han la uglevengene i kors, mens han skulte mot Lurivar.
– Her er det! jubla Lurivar til slutt. Han drog fram eit velbrukt kart, som låg klemt inn mellom to bøker i bokhylla, og bretta det ut. Auga hans fòr over alle stadsnamna. Snart begynte han å humre: – Jo, kva seier du til: «Riste» ute i havgapet i Sunnmøre, eller fjellet «Bleia» ved Dalsfjorden?

Kaptein Ugle-Helge knegga litt i ugleskjegget, og begynte så å notere ned namna i full fart. Idet Lurivar stansa, vippa ugla blikket opp frå boka. – Meir? Auga til Lurivar pilte vidare over kartet.
– Yes! Her har vi staden «Kile» i Voldafjorden. Og ikkje minst «Kleinegga» ved Eikesdalen, og staden «Syltevorpa» på indre Fræna. Og hør her! Om du er ein kul type, kan du jo flytte til «Kuløy» ved Smøla på Nordmøre? Og eg som er så lur og heiter Lurivar, kan vel flytte til «Lurvik» i Aure kommune?

Kaptein Ugle-Helge skreiv og skreiv så blekket spruta. Da Lurivar var ferdig, var ugla heilt utmatta. Men ho hadde samtidig eit passe vilt uttrykk i uglefjeset.
– Dette er jo superflott! mumla ho igjen og igjen. Det verka dessutan som om den godaste Kaptein Ugle-Helge hadde fått det travelt. Han pakka kjempeboka raskt ned i sekken igjen. Deretter slengte han sekken på ryggen, og begynte å flappe med dei små uglevengene.

– Skal du dra allereie? spurde Lurivar. – Du har jo akkurat vekt meg?
– Eg er seint ute til ugle-møtet på Ugla i Trondheim. Men med desse nye, snåle namna vil eg nok gjere stor suksess!
– Ugla i Trondheim?
– Ja, det er jo der alle ugler kjem frå. Det veit du vel. Det visste ikkje Lurivar, men det torde han ikkje innrømme.
– Du får ha det bra da, Kaptein Ugle-Helge!
– Ha det på badet, ordspion! Og takk for dei nye orda!

I neste sekund var Kaptein Ugle-Helge borte. Lurivar sat forfjamsa tilbake på hemsen. Han lurte bitte litt på om han faktisk hadde drømt alt likevel. Men så fekk han auge på kartet som låg der framfor han, oppslått på Møre og Romsdal.

Lurivar måtte glise. Så pakka han kartet saman, og stakk det tilbake inn mellom bøkene i bokhylla. Deretter strekte han potane ut framfor seg, og sovna – bums! – slik berre ein ekstra trøytt ordspion og ordsamlar kan gjere.