I dag, seier Lurivar, skal eg finne nye syngeord. Han sit på dolokket og ventar på at Signe skal bli ferdig med å sminke seg. Ho må vere fin kvar dag, Signe, for ho sit i resepsjonen. Ho tek imot dei som kjem hit til tunet. Det er ho dei ser først, så ho må vere skikkeleg pen.

– Skal du lage deg song då, spør Signe
– Nei, eg skal vel ikkje synge, eg held på med ord som står i aviser og bøker, eg
– Nei, for det hadde vel helst blitt kattejammer, seier Signe
– Men det finst ord som ein ikkje treng å setje melodi til, fordi dei syng sjølve, seier Lurivar, dei skal eg finne!

Lurivar svingar seg ned frå dosetet og smett ut mellom beina på Signe medan ho er på veg ut døra.
– Ja, du får ha god jakt, då, seier ho.
– Kvar skal du gjere av orda då? Har du noko å plukke i? Har du ordboks?
– Tss, det der er Signetull. Tulle-Signe! Signe Maten! ropar Lurivar, han vil ta igjen.

Signe berre flirer og går til resepsjonen. Signe er venen til Lurivar. Ho klappar han og høyrer på han eller tergar han alt etter som. Men han fortel henne ikkje alt. Ho trur kanskje at han berre kan samle på rampete ord i esker under senga. Ordboks, liksom, mumlar Lurivar for seg sjølv. Ordboks…, det er forresten ordbok nesten, det er berre ein s som skil. Oi, der laga eg eit dikt! Eit Lurivardikt. Ordbok er jo noko å samle ord i, ikkje sant, tenkjer Lurivar, nokså nøgd med seg sjølv. Nei, Lurivar fortel ikkje Signe alt.

Signe trur at han er ein vanleg tunkatt som berre fortel ungar som kjem på besøk om nye, kjekke bøker, og som samlar på frekke ord i esker under senga. Men så enkelt er det ikkje. For han diktar litt òg (, til dømes). Og oppe på hemsen har han sitt eige skap, og det er eit slags forfattarskap har Lurivar funne ut. Kvar dag no i det siste har han teke med seg aviser og bøker inn i det brune skapet, og lukka døra etter seg. Der inne les han høgt for seg sjølv. Og inni skapet høyrest orda annleis ut enn utanfor! Det kjem vel med at han er ein øvd ordspion, det gjer at han er nokså god til å høyre godt etter. Han finn ut litt av kvart om orda.

Der inni forfattarskapet sitt har Lurivar funne ut at orda er litt slik som han sjølv, dei gjer ikkje berre det vi prøver å få dei til å gjere, men held også på med andre ting. Dei held på med sitt. Dei har sine eigne lydshow. Lurivar har funne ut at det er to slags slike lydshow: knitreord og syngeord. Neste gong når han skal fortelje ungane om nye bøker, tenkjer Lurivar, og smiler for seg sjølv, skal han også fortelje dei siste nytt frå forfattarskapet sitt.

Lurivar grunnar på korleis han skal ordlegge seg:
– Som de veit har eg arbeidd med ord i lange tider her på tunet, ja ikkje minst på hemsen min. Og då snakkar eg ikkje først og fremst om dei hemmelege orda eg har under senga, som ikkje er så hemmelege lenger, og som kan vere nokså sjeldne og ikkje akkurat kan nyttast i selskapslivet. Nei, eg snakkar om vanlege ord, ord frå aviser og andre stader der ord hopar seg opp i kvardagslivet..

– Lurivar! Lurivar! Det er Signe som ropar på han frå nedst i trappa.
– Det gamle lintyskapet som står oppå hemsen, det ville eg ta ned og nytte i ei utstilling, men då eg skulle flytte det ned såg eg at det var fullt av kattehår og gamle aviser. Veit du noko om det?
– Du søv vel ikkje i skapet du som har så mange puter der oppe?
– Lurivar! Svar meg, eg veit du er der oppe!
– Mjau
– Lurivar, gje deg!
– Eg har brukt skapet til noko viktig
– Og kva er det då?
– Eg undersøker ord der inne
– Javel, men treng du å rote slik?
– Ja, for det er forfattarskapet mitt, og inni eit forfattarskap er det lov å rote, berre det er ei meining med det.
– Forfattarskap du liksom, eg tenkjer det heller er eit dovenskap! Du skal fortelje om gode bøker til ungane, ikkje ligge i lintyskapet og snakke med deg sjølv. Lurivar sukkar.

Signe ho trur alltid at ho veit kva som er det viktigaste, tenkjer han. Men det er no eg som er lur. Eg har ikkje fått namnet mitt for ingenting. Og når den utstillinga er ferdig, så tenkjer eg det brune skapet er tilbake på hemsen min. For Signe er jo min gode ven. Og dersom eg spionerer litt på det ordet hennar, dovenskap, kan eg sjå at det blir til do-venskap, som passar akkurat på Signe og meg: Vi er så gode vener at vi kan gå i lag på do.

Vil du forresten høyre knitreord? sukker i teen! Og vil du høyre syngeord?  i Asia i natt!