Huset til Lurivar er sporlaust forsvunne. På den eine sida av fjøsen ligg ein gørrgammal gard. På den andre sida er det ingenting. Kva i sviskehovudet er det som har skjedd? Har han gått ut av feil fjøs? Lurivar spring rundt igjen og finn inngangen til tunellen. Det kjem ein sur eim av kuskit frå opninga. Han tek nokre prøvande steg innover, men stoppar då han trakkar i noko vått.

– Æsj i flyndrefiskesloa, det er fersk kubæsjgjødsel! Kor kom den frå? 

Han kjem seg fort ut att og gnir potane mot det våte graset. Så byrjar han snuse rundt på tunet. Han må finne ut kor han er. Her er fleire hus. Ein fjøs. Eit stabbur. Ei diger bjørk. Han klør seg på stripene sine.

– Du glitrande grisepølse, mumlar han. – Det stabburburet ser jammen kjent ut. Han snuser på det. Det luktar kjent også. Berre nyare, på ein måte. 

Han set seg på stabburshella og tenker. Der er då han legg merke til fjella. Dei liknar veldig på fjella heime. Men han ser dei liksom frå feil stad. Akkurat som om stabburet har flytta på seg. Kan fjella likevel vere dei same?

Bli med i Lurivar sin adventskonkurranse