Tunellen er smal og skiten. Lurivar ristar seg kraftig då han kjem ut. Støv og spindelvev fyk til alle kantar. 

– Bæsj og fræsj i frasjefrysjen! freser han og set seg til å vaske pelsen sin med tunga.

Då han er ferdig, vil han til å springe over tunet og inn igjen til den varme hemsen sin. Men då han ser opp, skjøner han ingenting. Han blir sitjande og glane med bakfoten løfta og tunga halvvegs ut av munnen. Han er komen ut ein heilt ny stad! Kva slags kakaokaos er dette? Han tek ned foten og syg inn tungespissen med eit smatt. Stiller seg på alle fire og glor.

Det er fleire gammaldagse hus her. Dei er små og har gras på taket. Frå det eine stig ein svak røyk frå pipa. Korleis kan det ha seg at han aldri har sett dette tunet før? Det må ligge på baksida av fjøsen. Han som trudde han kjende alle krikekrokar og ørnehjørne i bygda til potespissane.

Han får gå rundt på andre sida. Då vil han nok sjå den store bygninga han sjølv bur i. Han fortar seg rundt fjøsen, men bråstoppar då han kjem til andre sida. Det er jo ingenting her! Kor i heitaste båleholet er huset hans blitt av?

Illustrasjon frå adventsforteljinga Lurivar og juletunmysteriet. Bilete viser Lurivar som er komen til ein heilt ny stad der han ikkje kjenner seg att. Illustratør: Monica Egeli

Bli med i Lurivar sin adventskonkurranse