Lurivar følgjer lyden innover gangen. Det har ikkje vore kyr i kufjøsen på mange år. No har menneska hans tenkt å ha andre dyr der inne. Geiter, kanskje. Eller lama.

Uff, han håper dei er greie. Geiter kan vere slike frekke yngelslynglar. Sprett rundt overalt og tøysar og lagar lurveleven. Stangar gjer dei også. Særleg bukkane. Dei kyllinghundane! Og lusekoftelamaer spyttar, har han høyrt! Lurivar liker ikkje å bli våt. Særleg ikkje av lamaspytt!

Ringe-linge-linge-ling!

Der er det igjen! Det er som han trudde. Lyden kjem frå den gamle kufjøsen. Han snik seg gjennom døropninga. Det er mørkt, men Lurivar har nattsyn. Han ser nesten klarare no enn han gjer om dagen når sola skin. Han ser dei gamle båsane, eit tau, litt gammalt høy. Men ikkje nokon bjøllekatt, ikkje ei gammal bjølleku eingong.

Han stig forsiktig over golvet og gløttar inn i båsane, ein etter ein. Men så er det plutseleg ikkje golv under han lenger! Han dett bakover, gjennom svartaste lauselufta! 

– Kva i surluktande stinkekatten er det som skjer? Han fell nedover og nedover i mørkeret.