– Julenisse du liksom, fnyser den vesle karen og ser dødsens fornærma ut. Han rettar seg opp i full storleik. Det er ikkje særleg stort. Han ikkje særleg større enn Lurivar.

– Kven er du for ein nisse? spør Lurivar.
– Kven eg er, seier den vesle karen. – Kven du er, er spørsmålet!
– Eg er Lurivar, seier Lurivar.
– Å, seier den vesle karen og klør seg i skjegget.
– Ja, då så, seier han.
– Eg er fjøsnisse her, seier han, tek av seg den raude hua og bukkar. – Namnet er Kalle, Tufte-Kalle!

Fjøsnissen rettar seg opp, kravlar seg opp på høydungen igjen og kryp bortover mot Lurivar. – Lurvelar, sa du?
– Lurivar, seier Lurivar fornærma. – Ikkje Lurvelar!
– Lurifar, Lurvelar, seier Kalle. – Potetes, potates.
– Men kva gjer du her, er spørsmålet, seier Kalle.
– Det er det eg lurer på også, seier Lurivar og svelgjer tungt. – Du har vel ikkje noko mat å avsjå?

Bli med i Lurivar sin adventskonkurranse