Lurivar går fleire rundar rundt fjøsen for å sjå etter tunet sitt, utan hell. Han blir nesten køyrd ned av ein hest med vogn som kjem trampande. Hovudvegen går visst gjennom tunet her. Men det er berre ein smal kjerreveg, ikkje ein tofelts motorveg som hovudvegen heime. Ingen bilar eller bussar er å sjå. Og der flyplassen er heime, finst det berre myr. 

– I kaldaste klokkefiskepuddingen, mjauar Lurivar og ristar forvirra på hovudet. 

Han spring opp forbi garden, gjennom skogen. Heilt opp til vatnet. Det ser iallfall sameleis ut. Det og fjella. Men dei fleste husa er vekke, både på denne sida av dalen og den andre. Berre nokre gammaldagse gardar ligg her og der med grastak og piperøykrykande skorsteinar. – Dette blir både finurlegare og styggurlegare, mjauar han til seg sjølv medan vêrhåra strittar.

Utpå ettermiddagen er han så kald og våt at han ikkje veit anna råd enn å fare ned til garden igjen. Han prøver å snike seg inn i storehuset og sjå om han finn mat, men blir husja ut att med ein gong. Menneska som bur her er visst ikkje særleg glade i kattar. 

Då ser han ei jente kome ut av fjøsen med ei mjølkebøtte i kvar hand. – Mmm-mjølkenamnam! mjauar han lykkeleg og smett inn gjennom fjøsdøra.

Bli med i Lurivar sin adventskonkurranse