| Måndag 8. mars |
Ivar Aasen hadde samla over 20 000 ord til den første ordboka han gav ut.
|
|
Og eg har framleis berre 455 ord i ordlista mi! Eg er jo ein god ordspion, men treng litt hjelp frå deg òg for at ordlista mi skal bli mykje lengre.
Draumen min er at eg skal spionere meg fram til minst 1000 ord før dette året er over. Eg trur eg skal klare det. Om du har høyrt eit artig ord som ikkje står i ei anna ordbok så må du sende det inn til meg!
|
|
| Måndag 1. mars |
Eg er det motsette av kjedeleg, redd og langsam!
|
|
Eg er nemleg både spennande, modig og rask! I tillegg er eg svært glad i både ord- og språkoppgåver av forskjellig slag. Difor har eg laga ei ny oppgåvesamling der du kan teste deg sjølv på motsette ord, rimord, ordklassar, finne opningssetninga frå ulike bøker og mykje anna gøy.
|
|
| Torsdag 4. februar |
Det er gnistrande kaldt ute, og snøen ligg tettpakka rundt Aasen-tunet.
|
|
Inne er det godt og varmt, og skikkeleg lese-bok-og-drikke-kakao-vêr!
Noko som er endå kjekkare enn å liggje inne og slenge seg med ei god bok på hemsen min, er å dra på besøk. Eg har gledd meg i vekevis, og endeleg er det klart for skulebesøk. Utover våren skal eg og forfattarvenninna mi Hilde, besøke skular i Sogn og Fjordane. Det finst ikkje noko kjekkare enn å snakke med born om spennande bøker vi har lese og lage rare ord saman.
|
|
| Måndag 4. januar |
Det var kjekt at det var så mange som sendte inn svar på adventskalenderen min.
|
|
Eg fekk inn fleire enn 2000 svar til saman.
Vinnarane har fått premiane sine, og dei som ikkje vann, får berre prøve igjen til neste år!
|
|
| Måndag 30. november |
No er det klart: Det blir adventskalender her på nettstaden min i år også!
|
|
No er eg nettopp ferdig med å finsikte spørsmål og oppgåver til ein adventskalender her på nettstaden. Og eg trur det blir bra!
Så har eg fått tak i så mange flotte premiar, både kortstokk, matboks, t-skjorter (med bilete av meg på, sjølsvagt) og bøker.
No har eg brukt nokre dagar på å verkeleg vri hovudet mitt for å finne spørsmål og oppgåver som eg håpar de vil like. Det handlar om nynorske barnebøker, ordeleiting og litt bokstavstokking med juleord. Med andre ord, slike ting som ein agent ordspion av Aasen-tunet tenkjer på kvar dag, og litt til.
|
|
| Fredag 13. november |
Eg har tjuvstarta litt på jula.
|
|
Eg har ikkje opna julegåver og pynta hemsen min ferdig og slikt. Nei, eg har leika meg med mange juleord i ein liten ordleitingsleik som eg no har lagt ut på nettstaden.
|
|
| Måndag 9. november |
Stjerner er fine.
|
|
Og då tenkjer eg mest på dei vi ser på himmelen. Dei siste kveldane har eg sett mykje til dei her utanfor Aasen-tunet. Dei tindrar og blenkjer slik at eg mest får lyst til å feire jul med ein gong. Av ein eller annan grunn tenkjer eg automatisk på jul når eg står ute og småfrys litt og ser på stjernehimmelen.
Så her ein kveld tok eg til med juleførebuingane mine. Det er jo mykje som skal i boks, mellom anna må eg lage ein ny adventskalenderkonkurranse til nettstaden min! Mykje å gle seg til.
Medan du ventar, kan du jo til dømes lese forteljinga om då eg traff ein kvalp her utanfor Aasen-tunet.
|
|
| Fredag 18. september |
Er det kjekt å byrje på skulen att?
|
 Eg har hatt ein super sommar med mykje besøk. Det har vore mange greie ungar som har vore med meg opp på hemsen og sett på alle bøkene mine og lese bøker med meg. Før sommaren opna eg utebiblioteket mitt, der det gjekk an å låne bøker og lese dei ute i skogen. Det er over hundre ungar som har lånt bøker og skrive fine helsingar til meg i gjesteboka, og no gler eg meg til lage utebibliotek neste sommar og.
Hugs at det går an å lese bøker overalt!
|
|
| Måndag 8. juni |
Tenk at ein bokstav kan bety så mykje.
|
|
E – til dømes. Eg tenkte på det her ein dag eg sat og såg på bilete av nokre slangar i ei bok. Kva om eg tek vekk den siste e-en i brilleslange? Då blir det BRILLESLANG, og det er jo brått noko heilt anna.
Eg ser stadig vekk personar med briller når eg snik meg rundt her i Aasen-tunet, og no trur eg nesten eg må halde meg litt i katteskinnet så eg ikkje byrjar å gå på brilleslang.
|
|
| Onsdag 3. juni |
I dag kjende eg ein ny og herleg duft frå kjøkkenet.
|
|
Eg sneik meg inn, og der fekk eg sjå korleis det bogna med mat. Eg lytta meg fram til at det var kjøkkenleiaren som øvde seg på å lage ein ny matrett som han skulle servere under Festspela. Då eg høyrde kva retten heitte, var det vanskeleg å halde seg i ro: couscous! Det er eit herleg ord på ein matrett, nesten så eg får lyst til å gje nokon ein kos eller to.
Eg sneik med meg ein liten porsjon, og sprang attende til hemsen. Der skreiv eg COUSCOUS på ein lapp som eg gøymde mellom bøkene, og jammen… etter ein liten smakebit må eg berre seie at dette ikkje berre er eit fint ord, det smakar godt også!
|
|
| Fredag 29. mai |
I går traff eg to kjempelure ordspionjenter her i tunet.
|
|
Dei hadde eit verkeleg vanskeleg og innfløkt spørsmål til meg: Kva kallar ein tida mellom den første og den andre porsjonen med lapskaus? Det skal sjølvsagt finnast eit ord for alt, så kvifor ikkje for dette, tenkte eg.
Eg tok ordet lapskaus i munnen og smakte på det. Så gjekk det opp for meg! Sjølvsagt – ordet må vere LAKSPAUS.
Det likte dei ordleitnegalne jentene godt.
|
|
| Søndag 17. mai |
For ein perfekt nasjonaldag!
|
|
Her i huset var det stengt, og ingen besøkande. Så eg kunne liggje heilt for meg sjølv å slange meg i skuggen på hemsen, og sjå på at sola steikte utanfor vindauga. Eg sneik meg ut ein liten tur for å sjå på 17. mai-toget frå Hovdebygda som enda opp her borte i gamletunet ved bautaen til Ivar Aasen. Mange festkledde og glade folk å sjå, men dei såg ikkje meg!
Elles låg eg mest i ro og tenkte på ord som rimar på mai. Her er nokre: Kai, hai, skai, pai, svai og samurai!
|
|
| Søndag 19. april |
I dag såg ein krokus bak huset, og sola skein så augo nesten svei.
|
|
Augesolsvie og krokuslilla. Endeleg er det vår, og eg kan slengje meg på steinhella utanfor og steikje meg i varmen, men fyrst skal eg ha meg ein solskinsbolle, ein vårsolskinsbolle. Når våren kjem, så kjem det endå fleire lure ord fram i hovudet mitt. Har du nokre nye vårord som har snike seg inn i tankane dine i det siste?
|
|
| Søndag 5. april |
Det er mange rare tankar ein får når ein er ute og reiser.
|
|
Her ein dag kom eg til ei ferjekai. Det er faktisk ganske vanleg når ein reiser på Sunnmøre. Ein ferjekajakk er derimot mykje meir uvanleg. Har du sett ein slik nokon gong?
|
|
| Søndag 8. mars |
Hysj…. I dag har eg besøk i kattespråkhuset mitt.
|
|
Berre 27 katteskritt frå hemsen min, står det eit langt bord og rundt det sit det fullt av ungdommar. Dei sit og funderer over ord, lagar nye og skriv flotte setningar med dei.
Då dei gjekk for å ete, kattesneik eg, agent ordspion av Aasen-tunet, bort til tavla som sto der, og kva fann eg? Dei raraste, flottaste ord.
Lampesol
Hyllenase
Instrumentkjole
Bokbil
Kattebord
Ballongvaskemaskin
Tigerblått
Viskelærspeil
Sommarfuglvaskedame
Lommelyktstatue
Pistolkakkerlakk
Spadeelefant
Grantrefisk
Eplehus
Perfekt for ordsamlinga mi!
|
|
| Torsdag 5. mars |
Eg har så lyst til å syngje, men no blei eg veldig usikker på kva song eg skal velje.
|
|
Eg ser på kalenderen min. Der står det at det er mars, og då skulle det vel høve med ein Vintersong. Men når eg ser ut av vindauget mitt her i Aasen-tunet, ser det meir ut som ei Vårvise. Det livnar i lundar, men eg trur helst at Vi vil ha snø! I alle fall nokre veker til.
Uansett, så finn eg nok ein song som passar i songboka mi.
|
|
| Måndag 2. mars |
Å lage eit vinterdikt er lett, særleg når det finst så mange flotte vinterord. Berre prøv sjølv.
|
|
Vinter
Det er hutrande kaldt,
eg er forfrosen,
ute er det er kjølig
og fargane
er isgrøne
og blålege.
No har eg fått meg endå fleire ord. Etter nokre veker på tur til elevar på Sunnmøre, har eg massevis av ord som kan gøymast, syngast og diktast om. Sjekk ut ordlista mi, så kan du sjå kor mange tøffe ord eg har!
|
|
| Onsdag 4. februar |
Her er huset fullt av sjetteklassingar kvar dag denne veka.
|
|
Dei spring rundt omkring i heile utstillinga og er til og med oppe på hemsen min innimellom. Dette blei visst ikkje ei så roleg veke som eg hadde tenkt.
Det raraste er nesten at dei fer omkring her i huset og leitar etter linjer! Linjer!! Det beste ein kan seie om linjer er vel at dei kan bli til ord om ein set dei saman på rette måten. Det er til dømes mange linjer her:
Det spratt ein katt
ut av ein hatt
Det var ein ordkatt
som likte rim
gjerne med ein fiskestim
men ikkje superlim
|
|
| Måndag 2. februar |
No har eg vitja mange skular på Sunnmøre. Mellom anna var eg innom Ulsteinvik, men eg fann ingen ullsteinar.
|
|
Eg har òg vore på mange andre stader, og her er nokre av favorittorda eg har fått med meg frå alle dei nye ordspionane eg har møtt:
KATTEPRAT
POTTEROTTE
SOLSTRÅLEVARME
LASTESNUTE
SJOKOLADEBØKER
GYMHÅR
TORSKEBLEIE
KATTEBRUS
HÅRSUPPE
GRISESNABEL
KARAMELLSAUSPOTETMOS
AGURKSUPPEHOVUD
VAFFELFOTBALL
MENNESKEETANDESQUASHBANANTAXISJÅFØR
VAFFELSPION
PUSEBLUES
FISKEBOLLEBANAN
TRUSESUPPE
FISKEFJOKK
BOBLETROMME
STØVELHØVEL
MATSVAMP
POPPOTETROCK
ORGELØYRE
SPINATHALE
Tusen takk for alle dei ultrasupertøffe orda! No trur eg at eg treng å slange meg litt på hemsen når eg har ei heil friveke for meg sjølv!
|
|
| Måndag 5. januar |
Etter ei lang og god jul med peparkakeeting og romjulssløvelesing, er eg no superklar for eit nytt år!
|
|
No skal eg riste av meg juleferien og kome i gong. Her er snø som skal måkast, kakao som skal drikkast og fleire bøker som skal lesast. I dag skal eg måke snø fyrst og etterpå skal eg lese bok medan eg drikk snømåkekakao.
Om ikkje så lenge skal eg på tur att, og eg gler meg til å besøke born i Ulstein, Hareid og Herøy i slutten av januar.
|
|
| Fredag 19. desember |
Tenk at du kan lage så mange artige ord berre ved å snu om på bokstavane i ordet peparkake!
|
|
Det var nemleg det som var oppgåva i adventskalenderen min i går, og eg fekk inn mange fine, morosame og snåle ord. Til saman blir det nesten som eit dikt eg las ein gong. Sjå berre her:
Peparkake
Papekrake
Parepekak
Pakarkepe
Pakkarepe
Parkakepe
Pakkeaper
Rakekappe
Rapepakke
Rappekake
Karpapeke
Karkekape
Krakepape
Akekrappe
Akepepark
Arkakepep
Pepkarake
Peparkake
Artig, ikkje sant?
|
|
| Fredag 12. desember |
Julebake, julekake, julesmake….
|
|
No nærmar det seg jul, og eg lagar kattejulekaker som eg kattejulesmakar og innimellom snik eg meg vekk og pakkar inn hemmelege julegåver. For å kome i skikkeleg julestemning, går eg ut i Galleriet her i tunet og ser på all snøkunsten som er der. Der har nemleg 80 barnehageungar laga ei kunstutstilling som heiter Vi vil ha snø! Og kanskje det hjelpte med snøkunst, for no har vi fått massevis av snø. Og med snø ute og julekos inne, så no kan jula berre kome – eg er superduperjuleklar!
|
|
| Måndag 1. desember |
Første luka i adventskalenderen min er opna!
|
|
Eg er jo ordspion, difor har eg laga ordleikande adventskalenderoppgåver i år. Oppgåvene passar godt for andre ordspionar og for alle som brukar ord til dagleg!
Kvar dag er det ein ny premie i adventskalenderen, eg har mellom anna fått mange kjekke bokpremiar frå Blåmann barnebokklubb. Så det er berre å klikke seg inn på adventskalenderen, kvar dag i 24 dagar!
|
|
| Torsdag 20. november |
Ordfang, ordblind, ordknapp, ordhag, ordhug. Eg leitar etter morosame ordleikar til adventskalenderen som eg skal ha her på nettstaden min.
|
|
Det er kjekt med adventskalender, og ekstra kjekt å lage til sjølv med oppgåver og premiar og greier. Det skal ikkje berre vere oppgåver om ord som startar på "ord", men eg synest at alle oppgåvene må ha noko med ord å gjere på eit eller anna vis. Eg er jo ikkje ordspion for ingenting.
Premiar skal eg også finne. Ein til kvar einaste dag. Eg finn heilt sikkert fram nokre gode bøker som du kan vinne – eg elskar bøker altså – og eg klarar sikkert å snike til meg nokre godsaker frå butikken her i Aasen-tunet også.
No gler eg meg kjempemykje til å vise adventskalenderen til alle. Ååh, det er så lenge til 1. desember!
|
|
| Måndag 10. november |
Nye ord frå Sogn og nye songar i songboka.
|
|
Etter å ha vore på besøk i skular i Sogn i tre veker, har eg no krølla meg saman på hemsen i Aasen-tunet. Eg har fått med meg flotte teikningar, gode brev og mange nye ord. Det finst jammen mange born med god ordoppfinningsfantasi.
Og så har eg byrja å gle meg til jul! Eg har funne fram gamle og nye vinter- og julesongar og desse syng eg på for å kome i skikkeleg julehumør. Med songar på øyret, nye teikningar på veggane og ei bok i handa, blir førjulstida superduperkatteperfekt! Dei nye songane ligg i songboka mi, så det er berre å høyre!
|
|
| Fredag 10. oktober |
Det er kanskje haust der du er, men her hos meg er det nesten jul alt!
|
|
Det er fordi eg held på og syng gjennom alle dei nye julesongane som skal kome i songboka mi i god tid før jul. Nokre av songane er heilt nye, og nokre er nok kjende for dei fleste. Stemningsfullt er det i alle fall. Du kan berre gle deg!
|
|
| Onsdag 27. august |
Er det kjekt å byrje på skulen att? Eg har hatt ein super sommar med mykje besøk.
|
|
Det har vore mange greie ungar som har vore med meg opp på hemsen og sett på alle bøkene. Dei har laga sikkert over hundre bokmerke og gått ordløypa mi. Når nokon har kome hit, har eg sjølvsagt spionert på dei, for å finne nye ord til ordsamlinga mi. No har eg så mange nye ord at eg nesten boblar over, kva synest du til dømes om isetarhund, solfiskebad og skulesekkpynt? Har du funne nokre nye ord i sommar? Du kan gjerne sende dei inn til meg, og så kan eg legge dei inn i den hemmelege samlinga mi på hemsen.
|
|
| Torsdag 17. juli |
Korleis går det i ferien? Eg har fått meg verdas beste sommarjobb: Eg viser fram utstillinga i Aasen-tunet til born og vaksne.
|
|
Kvar tysdag og fredag kl. 2 stiller eg meg opp nede i gangen og lyttar: Er det nokon som vil vere med meg i dag, tru? Eg listar meg opp trappa, og der, oppe i resepsjonen, står ein skokk med kattevenlege, små ordsamlarar som vil bli med Lurivar på omvising!
Det er like artig kvar gong, og alle borna følgjer etter meg og får høyre litt om Ivar Aasen og om ordsamlinga mi. Dei får sjå kofferten min og hemsen min, og så les vi i lag. Nokon prøver å dra meg i halen, men dei fleste er veldig greie – og veldig flinke. Har du lyst til å bli med? Sei til dei vaksne du kjenner at du har lyst innom Aasen-tunet i sommar!
|
|
| Måndag 9. juni |
No ligg eg på hemsen og kosar meg med bøkene mine. Det er godt å slappe av etter å ha vore på tur så lenge.
|
|
Eg har nemleg vore på turné og møtt Hilde som både skriv dikt og er ordspion. På turneen møtte eg òg mange greie gutar og jenter som visste om så mange fine og tøffe ord. Og tenk, dei ville dele orda sine med meg! Så no sit eg her med mange ordlappar som eg skal gøyme på dei lure gøymestadene mine…
Sjølv om det er godt å slappe av på hemsen, gler eg meg til eg skal reise rundt på tur til hausten og treffe fleire ordspionar. I sommar har eg forresten tenkt å snike meg ned frå hemsen nokre gongar, kanskje møter eg då nokre unge ordspionar her i Aasen-tunet som vil vere med meg på ein liten rundtur?
|
|
| Måndag 5. mai |
Onsdag fekk eg mitt heilt eige kor.
|
|
Tunkattkoret med minst 30 born kom til tunet for å synge heile dagen. Det var ein prins her òg. Han snakka og planta den nye fine bjørka, men eg likar best ungane. Dei øvde både inne og ute, og då dei song på den nye scena kunne eg ikkje dy meg, eg måtte synge litt, eg òg.
Du kan faktisk sjå video av det fantastiske opptrinnet mitt på scena under. Alt du treng å gjere, er å klikke på spel-knappen:
No vert det nok litt latare dagar, men eg skal ut å kike på alle dei nye blomane som kikar opp frå marka. Det er heilt kvitt av kvitsymre her, og det er favorittblomen min.
|
|
| Fredag 25. april |
Snart kjem dei ei ny bjørk i tunet.
|
|
Det var verkeleg på tide. No er det snart fire år sidan orkanen tok den gamle flotte storebjørka og delte ho i to.
Eg har høyrt at det nye treet skal vere ein kopi av den gamle storebjørka. Kva kopimaskin dei har til slikt, har eg ikkje fått noko forklaring på.
Ein ting er i alle fall sikkert. Eg skal liggje på lur og passe på at nyebjørka skal få vekse seg stor og sterk. Ingen hundar skal få kome og vatne den bjørkestammen, nei.
|
|
| Fredag 18. april |
Det er så mykje styr rundt omkring i tunet no.
|
|
Snikkarar og murarar, elektrikarar og gravemaskinkøyrarar fer rundt og spikrar og slår, skjer hol i vegger og grev opp og grev til. Alt dette berre fordi at dei skal opne ei ny utescene i gamletunet. Eg ser jo at det blir ei flott utescene, men treng dei å lage så mykje styr for det?
Når dei skal opne dette byggverket skal dei til og med få sjølvaste kronprinsen hit. Er ikkje eg god nok då? Eg kunne godt ha opna scena, om dei berre hadde spurt meg. No veit eg ikkje om eg orkar å vere med på festen eingong.
|
|
| Fredag 14. mars |
Hei, no er det snart påske, og eg sit her på hemsen min og funderer over alle orda som liksom luktar litt påske: ski, solkrem, appelsin, kvikklunsj og krim.
|
|
Nokre fargar får meg også i påskestemning: gul, brun (for dei som solar seg) og raud (for dei som bli solbrende). I tillegg finst det ein haug med ord som sit saman med ordet påske: Påskeegg, påskemarsipan, påskehare, påskekylling, påskeferie, påskenøtter og påskefjell. Det som er ganske rart, er at påskefjellet, til dømes, er akkurat det same fjellet som elles. Det er berre det at når ein er på dette fjellet akkurat i påska, så blir det med eitt eit påskefjell. Enda rarare er det kanskje med påskemarsipanen, som er akkurat den same marsipanen som julemarsipanen, men så heiter han altså noko anna. Dette funderer eg over, her oppå hemsen, altså.
Eg skal ikkje på påskefjellet, og eg skal ikkje eta påskemarsipan heller. Eg trur rett og slett eg skal ligga her og nyta den rolege påskestemninga i Aasen-tunet og eta litt tunfisk. Påskegul som eg er, så kjem eg heilt sikkert snart i den rette stemninga til å lese litt. Kanskje eg skal finne fram ein skikkeleg god påskekrim? Før eg kjem så langt, så vil eg ønskje dykk god påske på alle dei måtane datamaskina mi fann:
Norsk og dansk: God påske!
Svensk: Glad påsk!
Islandsk: Gleðilega páska!
Tysk: Fröhliche Ostern!
Engelsk: Happy Easter!
Fransk: Joyeuses Pâques!
Spansk: Feliz Pascua!
Portugisisk: Boa Páscoa!
Polsk: Wesołego Alleluja!
|
|
| Onsdag 23. januar |
I dag er eg så spent. Eg skal opne songboka mi for første gong.
|
|
Det er heilt sikkert ikkje mange andre kattar som driv med slikt – å lage songbok. Eg kan til og med presentere 9 heilt nye songar som førebels berre finst i songboka mi! Og det beste av alt, er at alle lett kan "bla" i songboka, for ho ligg her på nettstaden min.
Mjau
|
|
| Onsdag 19. desember |
I går hadde eg verkeleg kjempeklaff med adventskalenderen min.
|
|
I staden for å stille eit vanleg spørsmål, ba eg alle om å lage eit nytt ord til samlinga mi. Eg fekk inn så mange bra ord, sjå berre her: julenissepoliti, julepotetkattemos, fuglenektrimmar, turbogåveinnpakkar og ikkje minst tunkattepinegrubleri, for å nemne nokre.
Det var så mange bra ord at eg måtte trekkje for å finne vinnaren, og det blei Mari frå Bjørke. Ho hadde laga ordet julenissemaskin. Det var kult. Ei slik maskin skulle eg gjerne hatt på hemsen min!
|
|
| Tysdag 4. desember |
No er eg og Hilde i gang med vår tredje veke på turné, denne gongen i Molde.
|
|
Vi har vore på Kviltorp skole og møtt mange engasjerte elevar, og fått lovnadar om gode og vanskelege spørsmål til sida mi på nettet, noko eg ser fram til å svare like godt og vanskeleg på.... Eg solar meg i glansen over alle komplimenta eg får, og synest dei er velfortjente sidan eg er ein så aldeles morosam og triveleg katt. Eg får mange flotte ord frå elevane, noko som inspirerer meg veldig. Ordsamlinga mi kjem snart til å bli den største eg veit om, takka vere kreative og morosame born!
Dagens ord: Kattepoker
|
|
| Laurdag 1. desember |
No er eg ferdig med Adventskalenderen til nettstaden min.
|
|
Eg må seie eg er godt nøgd! Det blir mange gode spørsmål om meg sjølv, mjau...
No har eg ikkje tid til å leggje meg ned å kvile på laurbæra, for på måndag startar ei ny turnéveke med Hilde Myklebust og opplegget vi har kalla "Katta i sekken". Denne veka skal vi til barneskular i Molde. Det blir kjekt.
|
|
| Tysdag 27. november |
Adventskalender, adventskalender, adventskalender – det er det eg tenkjer på no.
|
|
Eg tenkjer både på alle dei kalendrane eg skal kose meg med å opne. Men mest av alt tenkjer eg på den adventskalenderen som eg held på å lage sjølv. Det blir ein flott kalender som skal ligge her på nettstaden min. Der skal det vere spørsmål om stort og smått, men sjølvsagt mest om det eg er opptatt av, ord og bøker og sånt.
Det blir flotte premiar óg! Ein ny premie som du kan vinne kvar dag, og ein bokpakke som hovudpremie. Eg har fått Blåmann barnebokklubb til å vere med på dette, og dei stiller med bokpremiar. Kan det bli betre?
Eg gler meg til 1. desember.
|
|
| Fredag 16. november |
I dag ligg eg berre på hemsen min og slappar av.
|
|
Denne veka har alle tiandeklassingane i Volda og Ørsta vore på skulebesøk i Aasen-tunet. Eirik som jobbar her i tunet har hatt med seg ordkunstnaren Runar Gudnason, og dei har vore inne i salen og snakka om korleis dei brukar språket sitt.
Eg har lytta, og fanga opp mange nye ord!
|
|