Eriksen, Helga Gunerius: Vi skal gjere det! (Samlaget 1993)
Storesyster vil lære seg å fly.
Greier ho det ikkje sjølv, skal ho i alle fall lære veslebror det! Pappa seier det er umogleg, men storesyster meiner dei skal klare det.
Helga Gunerius Eriksen
Helga G. Eriksen (f. 1950) er oppvaksen på Stord og bur i Bergen. Ho har skrive fleire barnebøker og tre bøker for vaksne, Dersom du (1994) og Kvadratiske konturar og Rut.
Eriksen fekk Kritikarprisen 1991 for Finn Inga! (beste barne- og undomsbok) og Brageprisen 1993 saman med Gry Moursund for Flugepapir. Ho var dessutan nominert til Kritikarprisen 2006 for Eg er på veg.
Høyr lydklipp
Last ned mp3
Lagt ut med løyve frå forlaget og forfattaren.
Lese av forfattaren(Nynorsk kultursentrum 2007)
Opplysningar om forfattarar og bøker er henta frå Nynorsk kultursentrum, www.litteraturnettet.no og nettstadene til Samlaget, Cappelen, Aschehoug og Lydbokforlaget.