Du har vel ikkje høyrt snakk om den gongen då oldemor stakk av?
I denne boka får du også vite korleis det gjekk, då Oldemor skremde småungar, møtte Jahn Teigen og fekk seg ein kosesau.
Ingvar Moe (1936-93)
Fødd i Etne, Hordaland, og debuterte som forfattar i 1975 med diktsamlinga løktastolpefrø. Han gav ut over 20 bøker for born, ungdom og vaksne, m.a. dikt, noveller, romanar, kåseri og lærebøker, og skreiv viser og songtekstar, som er tonesette m.a. av Olav Stedje og Vamp. Han skreiv fire bøker om oldemor og hennar ville påfunn, og alle forteljingane er samla i Alt om oldemor! (2003).
Høyr lydklipp
Last ned mp3
Lagt ut med løyve frå Lydbokforlaget og familien.
Lese av forfattaren (Lydbokforlaget 2002)
Opplysningar om forfattarar og bøker er henta frå Nynorsk kultursentrum og nettstadene til Samlaget, Cappelen, Aschehoug og Lydbokforlaget.