| Her er du: Lydbøker | | Hovland, Ragnar: Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlet pappkartongen (Samlaget 1993) | Bjørnen Alfred og hunden Samuel vaknar ein morgon og skjønar at dei er attgløymde i ein pappkartong på loftet.
 Dei kjem til å hugse på det som hende Før i Tida, då Ole-Martin tok dei med i senga. No vil dei ut i verda og prøve å finne att Ole-Martin og kanskje Gerhardsen, som var snill med alle små dyr.
Ragnar Hovland
Hovland blei fødd i Bergen i 1952, og vaks opp ulike stader på Vestlandet. Han debuterte i 1979 med romanen Alltid fleire dagar. Sidan debuten har han gitt ut over 40 bøker — både dikt, noveller, bøker for born og for vaksne. Fleire av novellene til Hovland har vore filmatiserte. Han har fått fleire prisar for bøkene sine, m.a. Kultur- og vitskapsdepartementets debutantpris 1980, Noregs Mållags barnebokpris i 1986 og i 1993, Brageprisen 1992 og Kritikarprisen 2002 for romanen Ei vinterreise. |
|
Høyr lydklipp
Last ned mp3
Lagt ut med løyve frå Lydbokforlaget og forfattaren.
Lese av Anderz Eide (Lydbokforlaget 2004) |
|
|
|
|
|
Opplysningar om forfattarar og bøker er henta frå Nynorsk kultursentrum og nettstadene til Samlaget, Cappelen, Aschehoug og Lydbokforlaget. |
|
|
|  |
| | |
© Nynorsk kultursentrum 2006-2008
Tunkatten er teikna av Monica Egeli.
tunkatten.no er publisert med Avento CMS. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
tunkatten.no er produsert med støtte frå ABM-utvikling.
|
|