Sivle, Per: Berre ein hund (Cammermeyer 1887, ny utg. Selja 2004)
Forteljinga "Berre ein hund" er ein av Per Sivle sine mest kjende tekstar.
Historia blei første gong trykt i Sogor (1887), og er ei gripande forteljing om venskapen mellom guten Per og hunden Hall.
Per Sivle (1857-1904) Sivle blei fødd på garden Flåm i Aurland, og voks opp på Brekke i Stalheim i noverande voss kommune. Han tok til å studere som prest, men avbraut studia og satsa i staden på å skrive, først som diktar, seinare også som avisredaktør i Drammen og Oslo. Han debuterte som diktar med diktsamlinga En Digters Drøm i 1878, under pseudonymet Simon de Vita. Gjennombrotet kom i 1887 med Sogor og Vossastubba, forteljingar med folkeleg humor skrivne på vossamål. Det mest kjende diktet hans er Den fyrste song.
Høyr lydklipp
Last ned mp3
Teksten har falle i det fri.
Lese av Nina Elisabeth Bøe (Nynorsk kultursentrum 2006)
Opplysningar om forfattarar og bøker er henta frå Nynorsk kultursentrum og nettstadene til Samlaget, Cappelen, Aschehoug og Lydbokforlaget.