Kaldestad, Roald: Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip (Cappelen 2000)
Heavykatten sit på kafeen med walkmanen på og drøymer seg vekk til utlandet.
Der er det mange andre som likar heavy, men her i byen er det berre han. No kjem ei som han ikke likar så godt, Discodansemusa. Ho er ei stor jåle som likar disco. Det er berre ein Heavykatten likar dårlegare enn Discodansemusa, og det er Pinnsvinet Phillip. Kvifor er det nettopp dei tre som er heime i ferien?
Roald Kaldestad Roald Kaldestad er fødd i 1972 og bur på Stord. Han livnærer seg som musikar og forfattar, og er gitarist og låtskrivar i fleire band. Han debuterte som forfattar i 2000 med Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip. Året etter kom Reven Ruben, og i 2003 kom Polkagrisen, den tredje og siste boka om dei tre dyra.Dei to første har gått som høyrespel i Barnetimen for dei minste i NRK.
Høyr lydklipp
Last ned mp3
Lagt ut med løyve frå forlaget og forfattaren.
Lese av Nina Elisabeth Bøe (Nynorsk kultursentrum 2006)
Opplysningar om forfattarar og bøker er henta frå Nynorsk kultursentrum og nettstadene til Samlaget, Cappelen, Aschehoug og Lydbokforlaget.