ForteljingarSongbokLydbøkerLeik med ordOrdlista miLag ord og diktTunkatten spørAktivitetar og spelSend melding
 
Nettstadkart
Heim
Forteljingar
Songbok
Lydbøker
Leik med ord
Ordlista mi
Lag ord og dikt
Tunkatten spør
Aktivitetar og spel
Send melding
Tekstar eg har fått


Ivar Aasen hadde samla over 20 000 ord til den første ordboka han gav ut.
Les meir..


RSS   RSS
 
Her er du: Lydbøker
LydbøkerNår eg skal slappe av, set eg ofte på ei lydbok. Då kan eg slange meg i sofaen og nyte bøkene utan eingong å måtte bla om frå side til side (dei som jobbar i Aasen-tunet meiner eg nok er litt lat ….).

For at du også skal bli freista til å bli kjend med fleire bøker og forfattarar, har eg laga ei samling med lydbøker. Her kan du finne smakebitar frå kjende og meir ukjende bøker. Får du lyst til å vite korleis det går vidare? Då kan du låne boka på biblioteket eller kanskje ønske seg boka til jul eller til den neste fødselsdagen din.

Smakebitane er frå desse bøkene:



Birkedal, Arnt: Biblioteket på do (Samlaget 2002)

Eg-forteljaren i denne vesle boka sit lange stunder på doen i kjellaren.



Birkedal, Arnt: Kaninar og kaninar (Samlaget 2006)

Forteljaren i denne historia har kaninar i lag med Stein.



Eriksen, Helga Gunerius: Vi skal gjere det! (Samlaget 1993)

Storesyster vil lære seg å fly.



Hansen, Atle: Heksa (Samlaget 2001)

På veg til skulen må Konrad gå forbi huset på haugen.



Hovland, Ragnar: Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlet pappkartongen (Samlaget 1993)

Bjørnen Alfred og hunden Samuel vaknar ein morgon og skjønar at dei er attgløymde i ein pappkartong på loftet.



Hovland, Ragnar: Jakta på Salamanderen (Samlaget 1983)

Ein morgon då Anders kom ned til dammen, fann han eit skilt med eit slags brev frå Salamanderen.



Jensen, Eva: Denne guten har brune kne (Samlaget 1987)

Ole-Kristian er 8 år, og bur åleine saman med mor si.



Kaldestad, Roald: Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip (Cappelen 2000)

Heavykatten sit på kafeen med walkmanen på og drøymer seg vekk til utlandet.



Kaldhol, Marit: Innbrotstjuven (Samlaget 2004)

I kottet ved sidan av rommet til Peder høyrest ein lyd.



Moe, Ingvar: Heia oldemor! (Samlaget 1984)

Du har vel ikkje høyrt snakk om den gongen då oldemor stakk av?



Moe, Ingvar: Oldemor rock (Samlaget 1985)

Oldemor blir berre galnare og meir koseleg for kvar dag som går.



Osland, Erna: Ligge på vinden (Samlaget 2000)

Hovudpersonane i boka er Kristoffer, også kalla Krapylet, og storebroren Magnus, også kalla Kongen.



Parr, Maria: Vaffelhjarte (Samlaget 2005)

Trille er sikker på at naboen Lena Lid er bestevennen hans.



Sivle, Per: Berre ein hund (Cammermeyer 1887, ny utg. Selja 2004)

Forteljinga "Berre ein hund" er ein av Per Sivle sine mest kjende tekstar.



Sortland, Bjørn: Den solbrente mammaen som kledde seg naken for å bli kunst


Sund, Torvald: Onkel Oskar spring naken heim til jul (Samlaget 1991)

Nye historier om onkel Oskar.



Sund, Torvald: Onkel Oskars saueost (Samlaget 1988)

Denne boka handlar om ei slem mor og ein enda slemmare onkel!



© Nynorsk kultursentrum 2006-2008
Telefon: 70 04 75 70 • admin(a)aasentunet.no • www.aasentunet.no
Tunkatten er teikna av Monica Egeli.
tunkatten.no er publisert med Avento CMS. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
tunkatten.no er produsert med støtte frå ABM-utvikling.