| Her er du: Tunkatten spør | | Tunkatten spør Eg kjenner mange forfattarar og andre som arbeider med kultur for barn. Eg er dessutan ganske flink til å skrive, om eg får seie det sjølv, og har prøvd meg litt som journalist. Her har eg laga korte intervju med folk eg er interessert i å vite meir om. Sjå kva folk svarer når eg spør!
|
 | Tunkatten spør Solveig Hareide Solveig Hareide er programleiar i Newton på NRK. Der har ho mellom anna sendt ein dings ut i verdsrommet og testa kven som er smartast av hundar og kattar.
|
|
 | Tunkatten spør Roald Kaldestad Forfattaren Roald Kaldestad har mellom anna skrive tre artige bøker om Heavykatten. Han er frå Stord, spelar gitar og skriv låtar i tillegg til å skrive bøker.
|
|
 | Tunkatten spør Ragnar Hovland Forfattaren Ragnar Hovland har skrive mange artige tekstar, mellom anna den om grisen som står og hyler! Han har også gitt ut ei bok som heiter "Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville". Nyleg fekk han Nynorsk barnelitteraturpris 2006 for boka "Fredlaus".
|
|
 | Tunkatten spør Ragnfrid Trohaug Ragnfrid Trohaug er barnebokredaktør i Det Norske Samlaget. Det er faktisk jobben hennar å lese barnebøker og avgjere kva slags bøker forlaget hennar skal gje ut. Ho er også forfattar og har skrive bøker både for barn og vaksne.
|
|
 | Tunkatten spør Runar Gudnason Runar Gudnason er kanskje mest kjend som Sjef R, sjefsrapparen i Side Brok. Han kjem frå Hovdebygda (ikkje langt frå Aasen-tunet), men bur til dagleg i København. Det var først etter at han kom til København at han byrja å skrive gode rappetekstar på dialekta si.
|
|
 | Tunkatten spør Erle Stokke Erle er redaktør i barnebokklubben Blåmann. Ho får med andre ord betalt for å lese bøker. Kvar månad sender ho ut eit brev til alle medlemmene sine med tilbod om ei eller fleire nye gode bøker.
|
|
 | Tunkatten spør Maria Parr Maria Parr har skrive den underhaldande boka "Vaffelhjarte" om alt det rare som kan skje i vika "Knert-Mathilde". Du kan høyre utdrag frå "Vaffelhjarte" under vignetten Lydbøker.
|
|
|  |
|  |
| | |
© Nynorsk kultursentrum 2006-2008
Tunkatten er teikna av Monica Egeli.
tunkatten.no er publisert med Avento CMS. Formgiving: Aina Griffin og Astrid Loraas.
tunkatten.no er produsert med støtte frå ABM-utvikling.
|
|